lørdag 16. februar 2013

Old MacDonald?

Traktorkake!
 
 
Ein liten Mathias fyller 2 år.
Ein liten Mathias som liker traktorar,
og som er veldig opptatt av at det må vere "mann inni traktoren".
Då er det klart det må bli traktorkake!
Men mann inni sjølvsagt.

tirsdag 12. februar 2013

Gnocchi med urter og spinat

 
Potevarianten av pasta?
Ein god måte å gje poterestar eit nytt liv.
Kan lagast eit par dagar på forhånd,
noko som er supert om du har gjestar
eller skal ha ein kjapp middag.
 
Gnocchi.
Her med urter og spinat!
 

mandag 11. februar 2013

Minecraft

 
Minecraft-kake til ein bursdagsgutt?
Jaha?
Det krevde ein del tid på google og pinterest,
og ein liten tur innom den offisielle nettsida til Minecraft for inspirasjon.
Neste steg var å setje mannen i huset på saken,
men eg kom til at eg ikkje kunne kommandere han til eit par timar i sofaen,
med kaffi i koppen og dataspel...for min del liksom.
DET ville vere å kreve litt i overkant, ville det ikkje?
 
Uansett, slik blei mi minecraft-kake...

søndag 10. februar 2013

Converse til ein liten tøffing!

 
I dag feira ein liten Gabriel August sin namnefest,
saman med sine nære.
Ei kake frå meg fekk vere med på feiringa.
Og det synes jo sjølvsagt eg er stas!
Då får eg liksom vere med å feire litt eg og,
på ein måte.